Nynorsk som sidemål

 

I desse videoane går vi gjennom det viktigaste å kunne når ein skriv nynorsk. Dei er laga særleg med tanke på deg som har nynorsk som sidemål, og som skal skrive nynorsk som sidemål på norsk skriftleg eksamen.

Substantiv

For å skrive riktig nynorsk, må ein kunne hovudreglane for korleis substantiv blir bøygde. Det å forstå bøyningsmønsteret som står i ordboka, er òg veldig viktig.

Adjektiv

Adjektiv er ord som beskriv substantiv. Eksempel på nynorske adjektiv er orda «stor», «liten», «gamal», «raud», «blå», «demokratisk» og «norsk» og «rik».

Verb

Verb er kort sagt ord som viser til handlingar, prosessar og tilstandar. Verb er sannsynlegvis den viktigaste ordklassen å kunne når ein skal lære nynorsk og andre språk.

Pronomen

Pronomen er ord som står i staden for andre ord, ofte i staden for substantiv. Har ein nynorsk som sidemål er det særleg viktig å få kontroll på orda «de», «dykk» og «dei».

Determinativ

Det finst tre grupper determinativ: eigedomsord, pekeord og mengdeord. Vi bruker slike ord heile tida når vi snakkar og skriv.

Andre ordklassar

Her ser vi mellom anna på preposisjonar, subjunksjonar og konjunksjonar på nynorsk. Vi tar òg for oss ein del nynorske adverb det er viktig å kunne.

Annleis på nynorsk

Spesifikke ting som annleis på nynorsk enn bokmål, og som gjerne går skeis når ein skriv.