Verb
Verb er truleg den viktigaste ordklassen å kunne når ein skal lære eit språk. Verba er sjølve motoren i språket. Verb er kort sagt ord som viser til handlingar, prosessar og tilstandar, slik som «kunne», «måtte», «klatre», «lese», «sykle», «svømme», og så vidare. På norsk bøyer ein verb særleg for å snakke om tid, altså om noko skjer no, om det skjedde i fortida, eller om det kjem til å skje i framtida.
23:43
Om infinitiv – 1
Infinitiv er den ubøyde forma av verb. Det er sjølve standardforma av eit verb, sjølve utgangspunket før vi byrjar å bøye det i tid. På nynorsk er dette med infinitiv litt meir komplisert enn på bokmål.
07:14
Kva er svake og sterke verb?
Det finst to hovudtypar verb på nynorsk: svake verb og sterke verb. Dei svake verba følgjer eit system, og dei er ganske føreseielege. Dei sterke verba er meir kaotiske og mindre føreseielege – men svært viktige å kunne.
Svake verb på nynorsk
20:28
A-verb og e-verb
To av fire typar svake verb på nynorsk er a-verb og e-verb. I denne videoen ser vi på forskjellen mellom dei to.
39:46
E-verb
E-verb er verb som «lære», «greie» og «leve». I denne videoen ser vi på nokre nyttige triks ein kan bruke for å vite korleis ulike e-verb blir bøygde på nynorsk.
11:04
J-verb
J-verb, slik som «å fortelje» og «å krevje», er ei gruppe svake verb på nynorsk. Særleg presensformene blir ofte skrivne feil her!
04:11
Kortverb
Kortverb er ord som «å nå», «å tru» og «å bu». Desse verba er ganske enkle å få riktig for ein som har nynorsk som sidemål.
Sterke verb på nynorsk
05:56
Kva er sterke verb?
Nokre verb blir veldig ofte brukte når vi skriv, og desse verba har ein tendens til å vere sterke. Å lære seg dei viktigaste sterke verba er kanskje det aller viktigaste når du skal bli god til å skrive nynorsk!
11:35
Viktige sterke verb 1
Enkelte sterke verb, slik som «å vere», «å komme», «å bli», «å finne» og «å skrive» blir svært ofte brukte når vi skriv tekstar. Og desse orda blir ofte bøygde feil på nynorsk!
33:12
Sterke verb i setningar
Her ser vi på korleis nokre vanlege, sterke nynorske verb kan brukast i setningar.
08:44
Uregelrette verb
Nokre av dei mest brukte verba i språket, er uregelrette. Desse verba bør ein kunne utanat.
13:40
Passiv 1
Passiv er setningar der vi skjuler kven det er som gjer noko. Ein måte å lage passiv på på nynorsk, er å skrive setningar som «boka skal lesast…» og «brevet kan skrivast…» Skriv ein slik ast-passiv på nynorsk, er det nokre viktige ting ein må passe på.
36:33
Passiv 2
Ein annan måte å skrive passivsetningar på nynorsk, er å bruke «blir» + eit verb i perfektum partisipp. Dette er litt meir komplisert på nynorsk enn på bokmål, sidan ein på nynorsk òg må tenke på det som heiter samsvarsbøying.
20:32
Modale hjelpeverb
Modale hjelpeverb, ord som «kan», «bør», «skal», «vil», «må» og så vidare, er små ord som ofte blir brukt saman med eit verb som står i infinitiv.
33:22
Parverb
Parverb er verb som er like i infinitiv, men som elles blir bøygd på to forskjellige måtar og som betyr to forskjellige ting. Den eine bøyingen er sterk, og den andre er svak.