Substantiv 

Substantiv er, enkelt sagt, ord som viser til ting og personar, slik som «gate», «hus», «motorsykkel», «Ivar Aasen» og «Tyrkia». Abstrakte ord som «demokrati», «rettferd» og «utfordring» er òg substantiv. På norsk har substantiv tre kjønn – hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. For å skrive riktig nynorsk, må ein kunne hovudreglane for korleis substantiv blir bøygde. Det å forstå bøyningsmønsteret som står i ordboka, er òg veldig viktig.

33:58

Hovudmønsteret for bøying av substantiv på nynorsk

Det første ein må lære seg når det gjeld substantiv på nynorsk, er hovudmønsteret for korleis hankjønn, hokjønn og inkjekjønn blir bøygde.

16:13

Nynorske substantiv med valfritt kjønn

Nokre substantiv, slik som orda «tekst» og «dialekt», kan ein sjølv velje om ein vil bøye som hankjønn eller hokjønn.

Substantiv – de viktigaste unntaka

Når ein har lært seg hovudreglane for korleis hankjønn, hokjønn og inkjekjønn blir bøygde, er det nyttig å kjenne til nokre av dei viktigaste unntaka. Slik kan ein unngå mange oppslag i ordboka, og dét betyr tid spart når ein skriv nynorsk.

07:50

Unntak 1: Substantiv på «-ing»

Substantiv på «-ing» får «-ar» og «-ane» i fleirtal, også når dei er hokjønnsord.

09:46

Unntak 2: Valfri bøying

Nokre substantiv, slik som «søknad», «opera» og «gong», har valfri flertallsbøying.

04:20

Unntak 3: Ord som sluttar på «-um»

Fremmedord som sluttar på «-um», slik som «mysterium» og «auditorium» blir bøygd litt annleis.

10:28

Unntak 4: Substantiv som får samantrekning

Noen ord, slik som «artikkel», «aksel» og «verkemiddel», får samantrekning i nokon former.

10:17

Unntak 5: Uregelrette substantiv

Nokre substantiv er uregelrette – dei følgjer ikkje standardmønsteret i det heile. Desse må ein rett og slett berre lære seg.

03:15

Oppsummering av unntaka

Her går vi raskt gjennom dei fem unntaka vi har sett på i dei tidlegare videoane.

11:34

Nynorske substantiv som ofte blir bøygde feil

Enkelte ord som er mykje brukt, slik som «annonse», «analyse», «epoke» og «periode», blir ofte bøygde feil. Desse er det nyttig å kjenne til.