Adjektiv

Adjektiv er ord som beskriv substantiv. Eksempel på adjektiv er orda «stor», «liten», «gamal», «raud», «blå», «demokratisk», «norsk» og «rik». Adjektiv er ein eigen ordklasse, og dei blir bøygde på sin eigen måte.

Å bøye adjektiv i kjønn og tal

19:13

Hovudmønsteret for bøying av adjektiv på nynorsk

Adjektiv høyrer alltid til eit substantiv. For å vite kva form av eit adjektiv ein skal bruke, må ein sjå på substantivet det høyrer saman med – kva kjønn det har, om det er eintal eller fleirtal, eller om det er i bestemd form.

22:24

Adjektiv – unntak del 1

Ikkje alle adjektiv blir bøygde etter hovudmønsteret; vi har òg ein del unntak. I denne episoden ser vi på adjektiv som endar på «-lek», «-ig», «-sk» og «-e», adjektiv som endar på diftong, og adjektiv som endar på «-å».

20:01

Adjektiv – unntak del 2

Vi ser på fleire unntak: Først adjektiv som får valfri bøying i inkjekjønn og sammentrekning i fleirtal, slik som «open», «vaken» og «galen». Deretter presens partisipp, slik som «skrivande» og «lesande». Til slutt ordenstal som «femte», «sjuande» og «tiande».

Å gradbøye adjektiv

11:48

Gradbøying av nynorske adjektiv

Adjektiv kan òg gradbøyast. Dette gjer vi når vi vil samanlikne noko, for eksempel når vi skriv «Novella var god, men diktet var betre. Aller best var likevel romanen». Det er eitt hovudmønster ein bør kjenne til, og ein del unntak.

16:39

Adjektiv – gradbøying, unntak del 1

Ikkje alle adjektiv blir gradbøygde etter hovudmønsteret; vi har òg ein del unntak, som det er nyttig og kjenne til.

13:15

Adjektiv – gradbøying, unntak del 2

Nokre adjektiv er uregelrette – dei bkur bøyd på sin heilt eigen måte. Ein del av desse uregelrette adjektiva er ord som blir mykje brukt, så desse bør ein lære seg utanåt.